RIP VKK

Voss Kajakklubb - ein epoke er over

Voss Kajakklubb skiftar namn til Voss Elveklubb. Klubben kjemper for at ALLE skal få nyta fri elvenatur, uansett korleis du er 🙏💙

For å navigere i elva brukar me elvekajakk, SUP, elvebrett, raft, duckies, og nokre gonger berre symjebriller. Verda i elva er fasinerande, og den er heilt gratis!

Om du deler vår entusiasme for elva eller ynskjer å bli glad i den er du velkomen til oss!

vosselveklubb.no

Her finn du alt som var på vosskajakklubb.com. Program for sesongen vert lagt ut fortløpande, følg med!