Voss Elvesenter - ein naturleg samlingsstad
Her på Vestlandet har me nokre av dei vakraste og reinaste elvene i verda. Internasjonalt vert Voss omtala som eit mekka for elvepadling, og vassdraget vårt fungerer som ein levande naturpark – for mange også eit gratis badeland! No er tida inne for at fleire får tilgang til både opplevingar og kunnskap om elvene våre.
Sommarskule med elveleik: Grilling mellom øktene
Kva trengs? Klubbhus!
Målet med fyrste trinn av dette prosjektet er å kunne organisere lågterskel, sentrumsnære elve-aktivitetar for fleire! Klubben arrangerer allereie kurs, sommarskule, åpne dagar og sosiale samankomstar for alle som vil bli med. No er det på høg tid at klubbhus med toalett og utstyrslager kjem på plass.
Ein glad gjeng lokale og tilreisande padlarar
Kven er det for?
Senteret skal kunne nyttast av alle generasjonar som ynskjer å nyta vassdraget. Her er nokre grupper som kan bruke senteret til ulike tidspunkt, året rundt:
- Elvesports-utøvarar (lokale og tilreisande)
- Ungdom som treng ein sunn og frisk samlingsstad
- Barnehagar og skuleklassar
- Småbarnsfamiliar og besteforeldre
- Alle som vil vere med på organiserte elve-aktivitetar, så vel som uorganiserte.
Mormor og dei tre borna nyt elve-perla på Tvildemoen
Kor skal det være?
Senteret skal liggja rett ved elva på Tvildemoen – berre ein kort rusletur frå sentrum og bustadområda rundt. Her møtest Raundalselvi, Strandaelvi og Vosso og området byr på eit stort mangfald av elvekvalitetar - frå Brynagjelet med djupe badekulpar, til surfbare bylger og store bakevjer som endar i ein roleg straum vidare ut i Vangsvatnet.
(Konseptskisse - viser ikkje faktiske bidragsytarar)
Bidra til å realisera Voss Elvesenter
Du kan bidra ved å vippsa her, eller senda oss ein epost på styret@vosselveklubb.no dersom du vil ha faktura eller bidra på andre måtar. Alle bidragsytarar vert oppført på ein godt synleg stad ved klubbhuset (evt kommenter om du ynskjer å bidra anonymt).
Illustrasjonar
Sjå for deg korleis klubbhuset og omgjevnadene kan bli:
Bakgrunn og idé
Senter for Vossavassdraget
I 2019 tok eldsjeler i Voss Elveklubb og Voss Naturvernlag initiativ til å sjå på moglegheiter for å bygga eit senter for Vossavassdraget - ein stad å samla kunnskap om vassdraget, og formidla den gjennom opplevingar for alle interesserte. Saman med Voss Naturvernlag, Ekstremsportveko og Voss- Jeger- og Fiskarlag har prosjektet gått gjennom ein omfattande idéfase som viser eit mangfald av moglegheiter.
Sjå presentasjon av idéen for vassdragssenter her.
Klubbhuset som i dag er under planlegging er fase 1 av dette prosjektet.
Ynskjer du å vere med?
Bli ein samarbeidspartnarar! Måten du kan vere med på kan vere ved å bidra økonomisk, gjennom tenester, med kunnskap, eller kanskje du kjem på andre måtar å vere med på? Dersom lokalsamfunn, natur og miljø er viktig for deg har du no sjansen til å gjere ein forskjell!
Bli med no!
Fleire prosjekt
Sommarskulen
Kvart år arragnerer klukbben sommarskule for born og unge. Me søker midlar frå Gjensidige stiftelsen og Bufdir slik at me kan halda deg gratis og mogleg for alle å bli med på.
Elverydding
Om våren skal leikeparken vår ryddast - Ein stor bonus med å rydde plast og boss opp frå elva er at då havnar det ikkje i havet!
Elveskikk og bruk
Ein viktig del av klubben sitt arbeid er å formidla informasjon om korleis me som elvebrukarar kan nyta allemannsretten på ein ansvarsfull måte.