Sommarskule med elveleik 2024
Likar du vatn? Bli med klubben på elva i sommar! Klubben har arrangert sommerleir for barn og unge kvar sommar sidan 2019 og i år gjentek me suksessen, i veke 27, 31 og 32!
Minner for livet!
Våre engasjerte instruktørar gler seg til å ta deg med på elva, enten det er i raften, på elvebrett, i oppblåsbar kano eller kajakk 🤩 Me har fokus på lagarbeid, tryggleik i vatn, og ikkje minst masse leik og moro ute i fri natur. Me får kjekke minner med andre likesinna - mange nye vennskap har blitt knytta på desse ferie-aktivitetane!
Kven kan bli med på sommarskulen?
Sommarskulen er for born og unge mellom 10-16 år. Me deler inn i grupper etter alder eller ynskje. Det er ingen krav om ferdigheiter men det er stor fordel om du likar vatn, for me kjem til å vere mykje i det våte element! Me har uansett trygge, gode instruktørar som passar på at du har det bra, både i og utafor elva. Du får låna alt utstyr du treng, og me serverer god lunsj kvar dag.
Er du ikkje gammel nok for sommarskulen endå? Om du får med deg ein vaksen kan du bli med på eigen familiedag med elveleik! Sjekk det ut her: vosselveklubb.no/familie-elveleik/
Program
Dagar: Mandag - fredag
Tid: Kl 9.30 - 15
Oppmøtestad: Magasinvegen 26, Voss
Lunsj: Inkludert
Utstyr: Alt naudsynt utstyr vert sørga for av klubben.
Transport: Me kjem til på bruke elva på Tvildemoen, som ligg i gangavstand frå Voss sentrum, men det er kjekt å oppleva andre stader på Voss også. Me bruker sykkel som transportmiddel.
Sommarjobb på sommarskulen!
Ungdom mellom 16-24 år kan søka om sommarjobb på sommarskulen. Arbeidsoppgåvene er primært:
- hjelpe til med utstyr på land og på vann
- vere med og passe på at borna har det kjekt saman
Det er kjempebonus om du har litt erfaring med elvepadling, at du kan rulle og klare deg sjølv på grad 2 elv. Om du har nedsatt funksjonsevne kan du også søke, og me tilrettelegg stillinga for deg. Det viktigaste er at du liker å henge med kidsa!
Du søker på denne jobben ved å sende ein epost til hei@vosselveklubb.no.
Ta med i eposten:
- kor gammel du er
- kva erfaring og evt kurs du har på elv
- om du har erfaring med å jobbe med barn
Søknadsfrist 1. juni 2024
Støttespelarar 2024
I år får klubben stønad frå Norges Padleforbund for å arrangera sommerleirer til ein lågast mogleg deltakaravgift. Me har også fått ein god avtale med Meny Voss, slik at me kan servera dei unge sunn og god mat kvar dag.
Klubben har som mål at alle skal få mogleheiten til å oppleva elva på trygge og kjekke måtar. For å nå inkluderingsmåla til klubben treng me økonomisk støtte og set pris på hjelp med å spre ordet. Tips gjerne styret@vosselveklubb.no
"Alle bekker små..."