Voss Elveklubb Tvildemoen

Ekstremsportveko 2026 – Velkomen til Voss 21.-28. juni!

Ekstremsportveko 2026 sitt padleprogram er ein spennande samling av konkurransar, klinikkar, community-aktiviteter og sosialt samvær arrangert av Voss Elveklubb. Her er kva som skjer for padlefolket:

Obs: Meld deg på dei arrangementa du vil vere med på tidleg, det er begrensa plassar på nokre av dei, og det blir lettare og kjekkare for arrangørane og vite kor mange som kjem.

Old School Rodeo

Ein uformell og kjekk konkurranse der alle som kan rulle og vil vise triks på bølga kan delta, inkludert juniorar utan spesialutstyr.

Les meir

Community Kayaking

Sosial padling for både lokale vossapadlarar og besøkande padlarar. Poenget er å bli kjent med andre padlarar og ha det kjekt på elva. Passer for alle som vil padle saman og nyte elva utan konkurransepress, både juniorer og voksne padlere.

Les meir

Junior “Play the River” Clinic

Denne klinikken er for juniorpadlarar med instruktørar i verdsklasse, som lærer å lese elva, trikse og ha det gøy på bølgene. Ideell for unge talent som vil utvikle ferdigheiter i ein trygg og sosial ramme.

Les meir

Extreme Downhill Kayaking (Senior)

Ekstremutfor i krevjande elv, for erfarne padlarar som meistrar klasse 4/4+ stryk.

Les meir

Head 2 head (Boater X)

Spennande boatercross på badeplassen på Bjørke, der padlarar i ulike klassar møtes for uhøgtideleg og morosam konkurranse.

Les meir

Kayakers BBQ

Sosial grilling for kajakkmiljøet med mat, drikke og mingling etter ei kjekk veke, åpen for alle padlarar på veko men hugs å meld deg på:

Les meir

Bli med på fleire sportar

Utøvere som vil bli med på fleire sportar kan verkeleg boltre seg under veko. Med ekstrempass har du tilgang til heile programmet. Se fullt program her:
https://ekstremsportveko.com/program

Med juniorpass får du tilgang til alt dette: https://ekstremsportveko.com/en/sports/juniors

14 mai 2026 

klubbstyret