nyheter
Ledig stilling
Klubben søker dagleg leiar som brenn for elvekompetanse og klubbkultur!
NM i slalåmpadling 2022
Velkomen til NM i slalåmpadling på Voss lørdag 22. oktober! Ein litt sein annonsering av årets NM men me håper likevel landets ivrige padlere tar turen til slalåmbanen vår ved Voss Active! Om det ikkje er nok påmeldte til NM så kaller me det VM (Vossamesterskap), uansett blir det konkurranse,…
Padletrening haust 2022
Me har satt opp padletrening, for alle nivå og aldre. Einaste krav til voksenpadlingen er at du må ha teke grunnkurs.
Open dag på Tvildemoen
Open dag på Tvildemoen saman med Kulturverkstaden Magasinet og Vestnorsk Kulturakademi vart ein suksess! Her kunne ein komma og sjekke ut ulikt padleutstyr, og mange små og store fekk prøva seg i raften. Tusen takk til alle som kom, og spesielt Mia, Nicole og Mikkel som heldt standen til klubben…
Padlekurs i julegåve? Påmelding for kurs i 2022 er opna!
Padlekurs for sesongen 2022 er publisert! Då er det berre å hiva seg rundt og melda seg på, avgrensa plassar. Ei perfekt jolegåve for deg sjølv eller nokon andre som du ynskjer å introdusere til denne fortryllande sporten! Me har kurs for fleire nivå, sjå kva som passar, finn dato…
NM i slalåmpadling 2021: Dag Sandvik tok sigeren heim
Kongsberg Padleklubb arrangerte NM i slalåmpadling i helga og ein liten men betydningsfull delegasjon frå Voss reiste bort og representerte. Dag Sandvik og Julian Stocker tok heim 1. og 2. plass, og vetle Birk (8 år) fullførte to omgangar i NM løypa. Fulle resultatlister finn du her: https://livetime.no/
Padleglede på 2 m2/s
Ingen vossapadlar kan hugsa at vannstanden nokon sinne ikkje vore så låg på denne tida av året. Likevel finn me djupe kulpar utafor den lille bua vår på Tvildemoen! Her er bilete frå gårsdagens flatwater freestyle-session med superstjernene våre Marlene Devillez og Tora Heggem. Me fekk pumpa kjernemuskulaturen og ein…
Klubben har fått hovudsponsor!
Me er svært stolte av å ha inngått sponsoravtale med banken vår Vekselbanken! Dette gjev klubben moglegheiter til å skapa endå fleire kjekke aktivitetar på elva for små og store. Vekselbanken har vore kåra til Noregs beste bank av Eika-gruppen fleire år på rad, og klubben kan trygt tilrå denne…
Ungdomspadling på tur med raften!
Denne veka fekk dei spreke ungdomane i klubben testa raften, utafor bua vår på Tvildemoen og ned til Vangsvatnet! Her er nokre bilete frå turen: https://drive.google.com/drive/folders/1KKER63JwMoSA8BX64KcviFcRlubY1LY5?usp=sharing Stor takk til guide Mia Derdau og til fotograf Kjell Åge Singstad!
Mange, mange takk til Sparebanken Vest!
Voss Kajakklubb har motteke ikkje mindre enn 52.500,- kr frå Ildsjelfondet! Pengane skal gå til utvikling av ungdomsprogrammet vårt, og til forprosjektet for senter for det høgt elska Vossavassdraget.