20210828_155911

Elverydding med Northern Playground

I helga hadde klubben vår årlege ryddedag, denne gongen tok me elvestrekket frå Skjelviki ned til busstoppet ovanfor Taulen camping. Me fekk opp enorme mengder, mykje plast, landbruksavfall og ein del som har vorten kasta ut langs bilvegen(!!). I staden for at dette avfallet vert drivande nedover elva og til slutt havnar i havet, vert det no handtert som det skal av Indre Hordaland Miljøverk. Og elva vert mykje meir triveleg å padle i 🙂 Gratulera så mykje til Ingvard Ulvund Singstad og Birk Skorve Paulsen som vart kåra til «Årest elveryddarar»!

Etter ryddingen var det grilling og foredrag på bua. Jo Tobiassen frå Northern Playground fortalde oss om den mørke sida til klesindustrien, og viste oss korleis fiksa våre eigne klede slik at det varar lengre. Dag Sandvik avslutta kvelden med ei kjensleladd reise gjennom vernehistorien til Raundalselva.

Tusen takk til alle som var med og gjorde dette til ein særs meiningsfull dag!

rentil_logo_blaa-rgb5

Reint idrettslag

Voss Elveklubb er "Reint idrettslag" og tek avstand frå bruk av dopingmidlar.

Gå til www.antidoping.no for oppdatert informasjon.

Støtt klubben

Les mer

VIPPS

Les mer