Play Video
20250503_164852

Voss Elvesenter - ein naturleg samlingsstad

Sjå for deg eit hus attmed elva som held ope for alle som vil bada, padla, gå tur, eller berre å sitja å sjå på det krystallklare vatnet som flyt forbi. Det er draumen vår i Voss Elveklubb, og me vil dela den med deg!

Klubbhus vs brakke

I dag disponerer Voss Elveklubb ein kontainer med utstyr, og ein kjempefin terasse som medlemene våre har bygd på dugnad. Eit skikkeleg klubbhus med kjøken, toalett, utstyrslager og tørkefasilitetar er det viktigaste som trengs no, for å gjere klubben til ein skikkeleg god plass å vere, for alle!

Action på sommarskulen

Kven er det for?

Senteret skal kunne nyttast av alle generasjonar som ynskjer å nyta det fine området. Her er nokre grupper som kan bruke senteret til ulike tidspunkt, året rundt:

  • Elvesports-utøvarar (lokale og tilreisande)
  • Ungdom som treng ein sunn og frisk samlingsstad
  • Barnehagar og skuleklassar
  • Småbarnsfamiliar og besteforeldre
  • Alle som vil vere med på organiserte elve-aktivitetar, så vel som uorganiserte.

Mormor og dei tre borna nyt elve-perla på Tvildemoen

Kor skal det være?

Huset skal vere på Tvildemoen, berre ein kort rusletur frå sentrum og bustadområda rundt. Her møtest Raundalselvi, Strandaelvi og Vosso og området byr på eit stort mangfald av elvekvalitetar - frå Brynagjelet med djupe badekulpar, til surfbare bylger og store bakevjer som endar i ein roleg straum vidare ut i Vangsvatnet.

konsept

(Konseptskisse - viser ikkje faktiske bidragsytarar)

Bidra til å realisera Voss Elvesenter

Du kan bidra ved å vippsa her, eller senda oss ein epost på styret@vosselveklubb.no dersom du vil ha faktura eller bidra på andre måtar. Alle bidragsytarar vert oppført på ein godt synleg stad ved klubbhuset (evt kommenter om du ynskjer å bidra anonymt).

Illustrasjonar

Sjå for deg korleis klubbhuset og omgjevnadene kan bli:

Bakgrunn og idé

Trykk på bilete for å sjå det større

Senter for Vossavassdraget

I 2019 tok eldsjeler i Voss Elveklubb og Voss Naturvernlag initiativ til å sjå på moglegheiter for å bygga eit senter for Vossavassdraget - ein stad å samla kunnskap om vassdraget, og formidla den gjennom opplevingar for alle interesserte. Saman med Voss Naturvernlag, Ekstremsportveko og Voss- Jeger- og Fiskarlag har prosjektet gått gjennom ein omfattande idéfase som viser eit mangfald av moglegheiter.

Sjå presentasjon av idéen for vassdragssenter her.

Klubbhuset som i dag er under planlegging er fase 1 av dette prosjektet.

Ynskjer du å vere med?

Bli ein samarbeidspartnarar! Måten du kan vere med på kan vere ved å bidra økonomisk, gjennom tenester, med kunnskap, eller kanskje du kjem på andre måtar å vere med på? Dersom lokalsamfunn, natur og miljø er viktig for deg har du no sjansen til å gjere ein forskjell!

Bli med no!

Vennligst skriv inn ditt navn.
Vennligst skriv inn en melding.

Fleire prosjekt

Sommarskulen

Kvart år arragnerer klukbben sommarskule for born og unge. Me søker midlar frå Gjensidige stiftelsen og Bufdir slik at me kan halda deg gratis og mogleg for alle å bli med på.

Elverydding

Om våren skal leikeparken vår ryddast - Ein stor bonus med å rydde plast og boss opp frå elva er at då havnar det ikkje i havet!

Elveskikk og bruk

Ein viktig del av klubben sitt arbeid er å formidla informasjon om korleis me som elvebrukarar kan nyta allemannsretten på ein ansvarsfull måte.