Illustrasjon sett frå nordøst

Voss elveklubb søker dagleg leiar

Vil du bli med og bygga elvemiljøet på Voss?

Om klubben

Voss Elveklubb er eit idrettslag under Norges Padleforbund, bygd på frivilligheit og fellesskap. Klubben er open for alle, uansett alder og nivå. Hjå oss står idrettsglede og trygg ferdsel i vassdragsnaturen i høgsetet. Her får alle bli med i eit sosialt miljø der me bryr oss om både menneske og natur. Formålet til klubben er å byggje elvekompetanse og spre elveglede.

Kvifor dagleg leiar?

Klubben har over tid fått over 200 engasjerte medlemmer, og er i gong med realisering av Voss Elvesenter. Me har eit sterkt fellesskap og treng ein dagleg leiar som kan gjere dette til varig struktur og trygg drift.

Som dagleg leiar får du:

  • ein variert kvardag mellom planlegging, folk og friluftsliv
  • ein meiningsfull jobb i eit inkluderande og engasjert miljø
  • reell påverknad – du er med på å forme korleis klubben blir drive i åra framover
  • tett samarbeid med eit dedikert styre og ei stor gruppe frivillige

Kva du skal gjere

  • Ha det daglege ansvaret for drifta av klubben, i dialog med styret
  • Ha struktur på det administrative: rutinar, økonomi, avtalar, rapportering og medlemsregister
  • Støtte og koordinere frivillige, instruktørar og utval, og fasilitera for at dei lukkast
  • Sørgje for eit godt kurs- og aktivitetstilbod som speglar formålet vårt om elveglede og elvekompetanse
  • Følgje opp tryggleik og kompetanse på og ved vatnet, i tråd med klubbens og Padleforbundets retningslinjer
  • Arbeide med søknader, tilskot og samarbeid med kommune, næringsliv og andre aktørar
  • Vere eit ansikt utad for klubben og ein pådrivar for rekruttering og synlegheit
  • Følgje opp styret sine vedtak og bidra til utviklinga av klubbens strategi

Kven me leitar etter

Vi søkjer deg som:

  • er strukturert, ryddig og trivst med å skape system og oversikt
  • har god kommunikasjonsevne, munnleg og skriftleg
  • er sjølvgåande og handlekraftig, og tar ansvar for å få ting gjort

Det er fordel om du kan krysse av på nokre av desse punkta:

  • erfaring frå leiing, prosjektarbeid eller drift av organisasjon, gjerne i frivillig sektor eller idrettslag
  • erfaring med økonomistyring og budsjett
  • kjennskap til idrettsorganisasjonar eller friluftsliv
  • kjennskap til padling, elvetryggleik eller liknande aktivitetar
  • kjennskap til padlemiljøet på Voss

Me kan tilby

  • ei sentral og meiningsfull rolle i eit levande fellesskap
  • stor fridom til å forme stillinga og arbeidsdagen
  • eit godt og engasjert styre og mange hjelpsame frivillige
  • dedikert kontorplass
  • forsikring
  • lønn etter avtale
  • jobb-pc og tlf

Praktisk informasjon

  • Tilsetjingsform og stillingsprosent: Fast stilling med 70% i sesong mai-oktober/ 15% utanom sesong. Denne stillingsprosenten dekker oppgåver som høyrer til dagleg leiar stillinga. Det er mogleg å auke lønna i sesongen ved å utføre instruktør- og guide oppdrag i tillegg. 
  • Arbeidsstad: Kontor sentralt på Voss med moglegheit for heimekontor.
  • Søknadsfrist: 1. desember
  • Søknad: Send CV og søknad til [email protected] (denne vert lest av Silje S. Paulsen og Derek Murphy)
  • Spørsmål om stillinga: Silje S. Paulsen (styreleiar). Tlf 90670431

Merk at noko kveld- og helgearbeid må påreknast, i henhold til arbeidsmiljøloven.

Er det noko me bør ta omsyn til for at du skal kunne delta i søknads- og intervjuprosessen, ta kontakt!

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Send søknad til Silje og Derek på [email protected]

09 november 2026 

klubbstyret