20240525_151723

World Fish Migration Day koplar saman fisk, elv og folk – hjelper det fisken?

Dette spurde me oss på World Fish Migration Day – eit årleg arrangement der folk kjem saman for å feira fisk som gjennom elvene sym ut i havet for seinare komma heim igjen til samme elv for å gyta og slutta sirkelen.

I år hadde ambassadør Marlene Devillez invitert Voss Elveklubb med som arrangør, og den karismatiske front-figuren for natur Dag Sandvik stilte opp på kort varsel og heldt ein tale for oss, fisken og elva. Les talen hans lengre ned på denne sida

World fish migration day

Av Dag Sandvik
Basert på artikkelen «Takk vannet» av Åsa Renman og Nils Harley Boisen

Me bur på ein liten blå planet. Det er ganske utruleg å tenke på at dette er opprinnelsesstad til kvart einaste levande vesen me kjenner til.

Nøyaktig når liv oppstod for første gong, er litt usikkert, men det kan ha vore for 4 milliardar år sidan. Og etter dette kan så mykje som fem milliardar artar ha utvikla seg her på jorda.

Få av desse artene finn ein rundt oss no, og dagens artar utgjer så lite som 1 prosent av alt liv som har vore på planeten.

Vatnet er nøkkelen til liv, og ferskvatnet vårt speler ein heilt spesiell rolle, trass i at det utgjer ein utruleg liten del av alt vatn på kloden.

Så lite som 0,01 prosent av Jorda sin overflate er dekka av det dyrebare ferskvatnet. Likevel lever 140.000 av de rundt 2 millionar artane på Jorden i dette vatnet. Her finn me også ein tredel av alle dyr med ryggrad, inkludert over halvparten av alle fiskeartar. De fleste andre artar – plantar, sopp, insekt,
amfibiar, krypdyr, pattedyr og fuglar – som ikkje lever i ferskvatnet, lever uansett av det.

Ålen er kanskje den snålaste skapningen me har i vatna våre. Fødd i Sargassohavet, kjem den attende til våre vassdrag og oppheld seg mesteparten av livet i ferskvatn. Den kan pusta på land i mange dagar og bevega seg lange distansar over land for å komma til nye tjern og bekkar der dei gjerne lever i
mange tiår. Nokre klatrar heilt opp til små tjern langt opp på fjellet!

Ålen har vore ein av dei mange som bur her i Vangsvatnet, men den er no sterkt truga. Også laksen og sjøauren som tek seg opp dei kraftige stryka i elva her hjå oss, er to artar som er truga. Alle som har padla ned Vosso til Evanger, eller ned Raundalselva, gjennom Vetlehelvete, forstår kva fantastisk skaping desse fiskane må vera som kan symje opp her. Sterke, men sårbare.

Menneska sin påverknad på naturen gjer at me no utryddar artar 1000 gangar raskare enn normalt. Med nærare 8 milliardar mennesker sine behov for vatn – til å vatna landbruk, reinse, gje energi og gje mat – står naturen i skvis. Naturkrisa er difor langt på vei ei vatnkrise.

På verdsbasis utryddes ferskvannsartar raskare enn dei på land eller i havet. Populasjonar av ferskvannsartar har falt med 84 prosent, og nesten en tredjedel av våtmarksøkosystema har gått tapt siden 1970. Ifølge raudlista lever 17,5 prosent av dei trua artene i Noreg i våtmarker og ferskvatn. 325 artar i norske elver og innsjøer er truet av utryddelse. Fire av ti norske innsjøar, elver og fjordar
har for dårlig miljøtilstand.

Det er ein miks av faktorer som forringar miljøtilstanden, og dei store påverknadene kjem frå utbygging av infrastruktur, forureining og vasskraft. I tillegg utgjer fiskeoppdrett ein aukande trugsel, ikkje berre mot livet i fjordane, men også mot laksebestandene i elvene våre.

For milliardar av år sidan var denne vannplaneten så ugjestmild at ein neppe hadde trudd at den kunne bli eit yrande paradis for eit enormt mangfald av liv. Men på denne planeten har kvar bakterie, plante, sopp og dyr, vatnet å takka for sin eksistens.

Men hjelper det vannet at me flyt ned elva?

Eg tek eit sprang tilbake til sumaren 2019. Du hugsar den kanskje slik eg gjer, som ein tropisk draum, der heite og sveitte dagar vart avløyst av svale netter. Ikkje ulikt mai i år. Eg flaut for det meste rundt i ein kajakk på kaldt vatn, der eg såg steinane på djupt vatn gli under meg i dei rolege partia av Raundalselva. Det var blått og grønt, varmt og svalt, stille og brusande. Eg var heime. Eg elska elva.

Kjærleiksforholdet til elva – og fisken – byrja for meg som kjærleiksforhold flest. Eg vart litt tilfeldig introdusert til ho, på eit grunnkurs ei helg. Det sa pang, og eg kom attende og attende. Tilslutt var me svært godt kjend. Gjennom år med padling har eg vorte kjend med stadig nye sider ved ho – korleis ho rører seg, korleis ho reagerer, korleis vassføringa endrar seg, korleis geologien er – og ikkje minst har fått augene opp for dei andre som bur her. Eg trur dei fleste som padlar eller som fiskar laks kan fortelja liknande historier.

Derfor er noko av det beste me kan gjere, å komme saman og flyte ned elva. Verte kjend med ho, verte glad i ho, og hjelpe andre å komme i kontakt med det livsviktige vatnet.

Mange elver i Noreg er verna, og for de kan me takka sveltestreikande samar som på 80-talet kjempa mot neddemming av Altaelva – elva dei stod nær. Altaelva vart slukt av vasskraftverket, men landet fekk etter dette verneplanar som sikra at mange norske elver får renna fritt. Raundalselva er ein av desse, og
den vil fortsetje å renna fritt så lenge mange nok bryr seg nok om den til å kjempa for den. Dei siste tiåra er det elvepadlarar, fiskarar og andre naturglade menneske som har ført denne kampen.

La oss føra den arven vidare, ved å vere på elva, verte glad i den og kjend med den, og spreie den gleda vidare.

Posta i |