dugnad
Elverydding med Northern Playground
I helga hadde klubben vår årlege ryddedag, denne gongen tok me elvestrekket frå Skjelviki ned til busstoppet ovanfor Taulen camping. Me fekk opp enorme mengder, mykje plast, landbruksavfall og ein del som har vorten kasta ut langs bilvegen(!!). I staden for at dette avfallet vert drivande nedover elva og til…
Elverydding i nedre stranda
Takk til alle som stilte på elverydding i nedre stranda! Me drog opp over 100 kg avfall som vert henta av IHM på måndag. Dersom fleire vil rydde er det berre å ta med seg ein pose og plukke, langs vegen ligg det ofte bos som etter kvart havnar i…
Takk til Voss Sparebank!
Me har fått midlar til å utvikla klubbområde! Tusen takk til den lokale banken Voss Sparebank som bidreg til at det er mogleg å driva med aktivitet på frivillig basis i bygda ??
Dugnad i utebassenget
Bli med på dugnad i utebassenget fredag 08. juni kl 17! Ta med bøtte/kost/spade om du har og gjerne ein høgtrykkspylar. Me skal få vekk kost og lauv og hjelpe til med å gjere bassenget klart til utebadingsesongen. Som takk for hjelpa får medlem i kajakklubben gratis treningstider i bassenget.…
Den store strandryddedagen
Bli med å plukka bos og plast ved stranda på grandane 4. mai! Oppmøte er ved utebassenget kl 17. Ta med hanskar, bos-sekkar får du på plassen. Sjå meir her: https://www.facebook.com/events/226071081209906/
Snømåking for Voss Alpin
Me har fått spørsmål og invitasjon frå Voss alpin om å hjelpe med snømåking idag i bytte mot lån av timingutstyr til kajakkslalåm NM i sommar. Ta med skiustyr og møt ved varmestova i bavallen kl 1650 🙂
Sikringspadlarar ved opninga av den nye Tintrabrua
Tusen takk til Julian Stocker, Therese Storebø, Dag Sandvik og Kevin Hemelsoet som i dag stilte opp på elva som sikringspadlarar under opnings seremoinen til den nye Tintrabrua. Veldig kjekt å få vere med å bidra til slike hendingar i bygda!
Klargjering av båtar – bassengtrening 2015-2016
Til medlem i VKK som ynskjer å vere med på bassengtrening men manglar båt: Kom på bua i dag kl 17.30 så lagar me nokre båtar klare for innesesongen – me må vaske av lauv etc – deretter lemper me dei inn i transporten og dei forblir innelukka heile sesongen.…