Oppsummering Årsmøte og River Club Awards 2023

Takk til alle som kom på årsmøtet 10. februar 2024! Me var 24 medlem som samla oss på Vestnorsk Kulturakademi til årets store klubb-møte. I tillegg var det veldig kjekt at Tord og Georg frå Ekstremsportveko kom og med oss heile kvelden!

Årsberetning og aktiviteter 2024

Dagleg leiar Mia Derdau har hatt ein liten deltidsstilling for klubben i vinter. Derek la fram årsberetningen so ho har laga, denne vert sendt ut til alle medlem. I tillegg har ho byrja å legge ut plan for sesongen, følg med her: klubb-kalender.

Me snakka også om at me vil på klubbturar! Her er det veldig kjekt viss folk som har lyst på klubbtur deler planar om kor ein skal og kva tid, så kan dei som vil henge seg på. Evt melde i frå til styret om ein vil at me legger ut informasjon på klubbsidene.

Mentorordning – klubben vil prøva å få til ei ordning der meir erfarne padlarar kan ta bli mentor for ein mindre erfaren padlar. For å sikre progresjon og oppfølging. Dei som vil bli med på opplegget melder i frå til klubben.

Dugnad er hugnad! Klubben diggar dugnadar, og alltid kjekt når så mange møter opp. Me hadde ein alvorsprat om HMS-en på dugnadane, og kor vitkig det er at me tek tryggleiken på alvor. Me vil jobba med tilkosten til elva nokre stader, der må grunneigarar innvolverast fyrst.

Livredningsstigen – Norges padleforbund har utvikla ein eigen våttkortstige for livredning saman med Redningsselskapet. Klubben har moglegheit til å sende 2-3 medlem på kurs for å utdanna seg innan denne stigen. Her treng ein ingen forkunnskapar men det er viktig at du er glad i vatn. Meld i frå til styret@vosselveklubb.no dersom du ynskjer å utdanna deg i denne retningen. Klubben ynskjer fleir folk med denne kompetansen, og tenk for ein kjekk sommarjobb du kan få! Nokre av instruktørane får også jobb i Redningsselskapet, som har kurs og vanntilvenningsopplegg for skular heile året. Du kan lesa meir om livredningsstigen her.

Klubbhuset – prosjektet er klart, men me venter fortsatt på ein betre avtale på tomta. I fyrste omgang vil me jobba med tilkomst, parkering og toalett-fasilitetar slik at dette er klart for sesongen. Me får ikkje parkere på plassen til Magasinet (rundt det raude bygget), så flott at alle respekterer dette! Me vil ha gode forhold til dei fine naboane våre.

Veko

Me hadde berre satt av 10 minutt til veko men som vanleg er dette eit særs engasjerande arrangement som alle bryr seg mykje om og me brukar alltid litt meir tid enn me hadde tenkt. Årets diskusjon var om me vil ha VM i brattpadling igjen, og det vil me, men på klubben sin premiss. Me er så heldige å ha Lina Lydvo som greinansvarleg og Nick Pearce som tryggleik-ansvarleg, men manglar nokon som vil jobbe med den legendariske grillfesten som klubben pleier å ha på slutten av veko, og nokon flinke film-folk. Det er litt jobb, men veldig kjekt og meiningsfullt å vere med i veko-crewet – har du litt lyst er det ikkje noko å vente på, ta kontakt med Lina her: kayak.ekstremsportveko@gmail.com

Nytt styre

Når me hadde tygd oss gjennom kasserar og kontrollkomiteen sine innlegg om rekneskap og budsjett fekk Silje HL i valkomiteen ordet. Martin og Marita Ensink og Liz Bell gir seg i styret, ein varm takk til innsatsen dei har lagt ned for klubben dei siste åra! Inn fekk me nokre nye fine styremedlem, du kan sjå oversikten her på Om klubben.

River club awards

Vår fantastiske styreleiar Derek Murphy hadde i år pønska ut eit særs kjekt opplegg saman med sosial-komiteen Tora Heggem og Silje Heistein Lund. I år hadde klubben tidenes fyrste Club Awards, og me håpar dette vert ein gjengangar på årsmøtene framover! Desse vart dei vinnarane i fylgande kategoriar:

  • Parent of the year: Mike Abbott
  • Rookie of the year: Maddie Vethe Harbun og Elion Gjerde Fjose
  • Inkluderingsprisen: Marlene Devillez
  • Ildsjelprisen: Martin og Marita Ensink
  • Happyest person on the river: Riley Best
  • Who’s keen for the Upper Stranda award: Jon Gjerde
  • Who’s keen for the Lower Stranda award: Nick Pearce
  • River Protector: Tora Heggem og Silje Skorve Paulsen
  • Paddler of the year: Martin Vonheim

Her kan du sjå Paddler of the year 2023 sin audmjuke (men særs meiningsfulle) takketale:

Posta i
rentil_logo_blaa-rgb5

Reint idrettslag

Voss Elveklubb er "Reint idrettslag" og tek avstand frå bruk av dopingmidlar.

Gå til www.antidoping.no for oppdatert informasjon.

Støtt klubben

Les mer

VIPPS

Les mer