image

Padleleir for jenter 2023 var ein suksess!

Spenning, jubel og høg latter virvla opp elvene på Voss denne helga, då jenter i alderen 17- 62 år samla seg til treningsleir i elvepadling. Nybakt raundøl Marlene Devillez starta konseptet i Frankrike for 12 år sidan, for å inspirera fleire kvinner til å utvikla seg i sporten. Elvepadling er ein mannsdominert sport, og Marlene tok initiativ til den fyrste samlinga saman med Voss Elveklubb i fjor. Då deltok åtte eventyrlystne sjeler, og i år kom 25 kvinner frå 10 ulike land saman for å leika og læra, i den unike vassdragsnaturen på Voss.

Sjekk ut videoen frå Womens camp 2023! https://youtu.be/lhEkyLpG008

«Eg gler meg til å padla i elver som ikkje er brune!»

sitat Victoria Chapman, som har teke ei langhelg frå London i høve padleleiren på Voss. Ho er djupt fasinert av den krystallklare Raundalselva, som kvart år lokkar til seg elve-elskarar frå verda rundt.

Alder ingen hindring!

Mags Elliott kom saman med venninna si frå Skottland for å vere med på jenteleiren denne helga. Ho er eldste deltakar på 62 år men har ingen problem med å følge med dei yngre damene.

Yngste og eldste deltakar, Maddie (17) og Mags (62)

Eg har alltid ynskt å reisa til Noreg, men vore litt bekymra for at elvene her er for vanskelege for meg. Eg har vore på slike «berre-for-jenter»-tiltak tidlegare og har oppdaga at det er svært trygt og støttande, så eg tenkte at no har eg sjansen min.

Margaret «Mags» Elliot

Dei yngre jentene seier at 62-åringen er eit førebilete for dei, ho syner at alderen er ingen hinder for å leva ut draumane sine! Med engasjement og entusiasme for kvarandre sin suksess viser desse kvinnene at dei saman kan manøvrere kva som helst stereotypi, og ta med seg meistringa til andre område i livet.

Louise Capel frå Australia skal vere på Voss i nokre veker, og kosa seg i dei friske elvene her. Eit stort pluss er det å få vere saman med internasjonale padlevenninner denne helga.

Det er fint å sjå andre kvinner ta leiinga ned stryka, vise ulike linjer og heie på kvarandre.

Louise Capel, Australia

«Eg er stolt av å visa fram dei vakre, frie elvene våre!»

strålar 17 år gamle Maddie Vethe Harbun frå Voss. Orda hennar reflekterer den varmande kjensla av fellesskap og stoltheit som elvemiljøet har dyrka fram mellom fastbuande på Voss.

Når sola går ned i vest, er det ikkje berre elvane som strøymer – det er også den ustoppelige ånda av kvinner som bryt ned barrierar, byggjer bruer og lagar bølgjer som skal inspirere komande generasjonar av elve-elskarar.

Eg gler meg allereie til neste år!

Neli Angelova, Bulgaria

Me har allereie starta innsamlinga til ei ny helg til neste år. Her kan du lesa programmet og følga med på informasjon om neste års treningsleir: Womens whitewater training camp

Vil du vere med å bidra? Meld deg inn, eller ta kontakt for å bli sponsor.

Posta i |
rentil_logo_blaa-rgb5

Reint idrettslag

Voss Elveklubb er "Reint idrettslag" og tek avstand frå bruk av dopingmidlar.

Gå til www.antidoping.no for oppdatert informasjon.

Støtt klubben

Les mer

VIPPS

Les mer