Voss Elveklubb

Voss Elveklubb er eit lokalt idrettslag under Norges Padleforbund. Vil du bli med oss på elva eller lære meir om den? Då er du komen til rette plassen!

Vil du bli Aktivitetsleder elv?

26. mars 2026

Å vera aktivitetsleiar på elv er kanskje den mest meiningsfulle jobben i verda – du får gleda av å innvia andre i lidenskapen din, vere masse på elva – og få betalt for det! I tillegg vert du garantert helten til mange nye padlespirer!

Datoar for sommarskulen 2026 er klare!

30. januar 2026

Sjå kva veker det blir i 2026 og set deg på interesselista!

Bassengtrening vinter 2025/2026

11. januar 2026

Bassengtreningtidene er lagt ut! Hugs at me må følga Vossabadet sine reglar til punkt og prikke dersom me skal fortsette å ha dette tilbodet. Meld deg på og pass på…

Velkommen til Elvefestival på Voss!

12. august 2025

Det er på tide å feira elva, og alle skal få bli med! Helga 6.-7. september arrangerer me elvefestival saman med DNT og Naturvernforbundet! Klubben inviterer til gratis elveaktivitetar for store og små – meld deg på her!

Ekstremsportveko 2025

25. mai 2025

No er det ikkje lenge att til verdas kjekkaste veko!! Her er det som skjer spesielt for elvepadling!